
SVALIS PÅ LANGS
Fire jenter, to bikkjer og ei seljefløyte
Universitetssenteret på Svalbard
Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) har sidan det var etablert i 1993 sørga for at det i Noreg finst eit tilbod på universitetsnivå innan arktiske studiar. UNIS tilbyr kurs på bachelor-, master-, og doktorgradsnivå innan arktisk geologi, arktisk teknologi, arktisk biologi og arktisk geofysikk. I tillegg arrangerer universitet kvart år årsstudium i arktisk naturguide. UNIS har som mål å medvirke til utviklinga av Svalbard som ein internnasjonal forskningsplatform, noko som speglast i at omlag 50% av studentane på Svalbard er utenlandske.
Å studere ved UNIS
Undervisninga ved UNIS er i stor grad feltbasert, og nærområda til Longyearbyen vert ofte nytta i undervisninga. Her er det kort veg anten det er isbrear, infrastruktur, skredfare eller bergartar som skal undersøkjast. Innimellom er det naudsynt å reise litt lenger for å samle inn feltdata Om vinteren er det vanleg med lengre eksursjonar med snøskuter, medan båt ofte vert nytta på sommaren. Feltbasert undervisning legg til rette for ei grunnforståing av fagfelta som er vanskeleg å oppnå gjennom ei teoretisk tilnærming. Som rein bouns fylgjer ofte store naturopplevelsar i den arktiske naturen med på kjøpet. Saman med framifrå forskningsbasert undervisning vert det ein uslåeleg
kombinasjon!
For å kunne delta på feltarbeidet får alle studentane gratis
tryggleikskurs der mellom anna skytetrening og bruk av
overlevelsesdrakt står på programmet. Om ein vel å studere
på vårsemesterert får studenten i tillegg eit utvida vinterkurs
med grunnlegjande innføring i kunnskap som er naudsynt for
å ferdast trygt i den arktiske villmarka. Kurset varer i ei veke
og er nok for mange eit av høgdepunkta under opphaldet på
Svalbard! Om ein er interessert i å lære meir om historia på
Svalbard eller nordlysforskning arrangerar UNIS populære
kurs innan desse emna på vårsemesteret.
Det internasjonale miljøet ved UNIS er prega av engasjerte
studentar som er over middels interessert i fagfeltasine. Det er
tett kontakt millom forelesarar og studentar, og terskelen for å kome innom kontoret om du har spørsmål om faget er låg. Her er det lett å knyte kontaktar dersom det er emnar innan arktisk forskning du er særskilt interessert i og kan tenkje deg å studere eller jobbe med ein gong i framtida. Alt dette fører til eit positivt og motiverande læringsmiljø der det er lett å la seg engasjere!
Fritid
Å vere student på Svabard er eit sosialt liv. Studentane bur anten i Nybyen eller på Sjøskrenten der felleskjøkken gjer det lett å verte kjend på tvers av studieretningar og årstrinn. Vaffelkveldar, strikking, skiturar og nordlysjakt er vanlege aktivitetar. Om sommaren er det populært å gå fotturar eller padle kajakk på Adventfjorden. For den som foretrekk ein kald øl eller brus foran peisen er friday gathering som arrangerast kvar veke verdt å få med seg. Her samlast studentar, professorar og øvrige ansatte i kantina på UNIS for ein triveleg prat i ei uformell atmosfære.
Om ein ynskjer å engasjere seg i lokalmiljøet på Svalbard er det
gode høve til å gjere det. Mange studentar vert kjend med dei
lokale mellom anna gjennom deltakelse i kor, deltidsjobbar eller
som frivllig på ein av dei mange festivalane som arrangerast i
løpet av året. For den som er glad i idrett er idrettshallen med dei
fleste fasilitetar ein ypperleg stad å møte nye folk. Som sosial
arena fortjenar dei mange barane i Longyearbyen også og
nevnast. Her er det god stemning, og sjansen for at du både
treff på kjenningar og vert kjend med nye folk er stor.
Kort oppsumert kan det å ta fag ved UNIS trygt anbelafast på
det sterkaste for deg som er interessert i ein annleis og framifrå
studentopplevelse!
Her kan du lese meir om UNIS:

