top of page

Ruta

Turid og Marte i rutetittemodus

Å sette ruta er i seg sjølv eit aldri så lite stykke arbeid. Vi har forhøyrt oss med dei som har gått turen tidlegare, sett på ferskaste flyfoto frå dei mest aktive breane hjå Sysselmannen, brukt TopoSvalbard sine detaljerte flyfoto og forhøyrt oss med diverse kjentfolk om forholda langs ruta både med tanke på bresprekkar og framkommelegheit. Vi endte opp med ei foreløpig rute nord-sør der vi fleire stader undervegs kan velge ulike vegar - etter værmelding og havisforhold. Vi har ingen mål om å gå utan etterforsyningar - litt kos må det vere - og satsar på depot undervegs på turen. Fredrik hoppar på turen i Svea-området og eskorterar oss på gentlemanvis sørover. Vi må grunna reglane for Sør-Spitsbergen Nasjonalpark gå ut att frå nasjonalparken før vi blir henta. 

bottom of page