top of page

Om Oss

Tre av oss vart kjende i fjor då vi budde på Svalbard; Turid heldt då som no på med master i geologi, Marte gjekk Arctic nature guide-studiet og Torunn tok fag i biologi, alle tre på Universitetssenteret på Svalbard (UNIS). Anne Marthe hoppa inn i planleggjinga litt seinare, men har alt på stell frå då ho planlagde den same turen for to år sidan og vart hindra frå å gå. No gler vi oss til å kome oss ut på langtur saman!

 

 

 

 

 

 

Torunn Slettemark Hovden

Gruppas skåp-budeie, nynorskentusiast, folkemusikar og litt biolog på si'. Eg er frå Asker, bur på Rauland og har alltid vore mykje på tur, og har vigd dette året til ekspedisjonsverksemd og folkemusikk som eit avbrekk frå biologistudia. Sitat: Oi! Nam!

Turid Haugen

Bur i Longyearbyen på tredje året der eg for tida skriv masteroppgåve om delar av den geologiske lagrekka på Svalbard. Vinterturar med telt, fjellski og pulk står høgt i kurs, men Svalbard på langs blir den lengste turen hittil. Eg er oppvaksen på gard og er vant med bratte motbakkar, lange arbeidsdagar og skiføre halve året. Sitat: Hæ?? Jammen åssen bergart e detta?

Marte Agneberg Dahl

Vart forelska i Svalbard etter ein snarvisitt i 2010, og las bok på bok på senga om arktis og polarhistorie før eg i 2014 tok pause frå sjukepleiarjobben og starta på arktisk naturguide-studiet i Longyearbyen. Året inneheldt mange veker i telt rundt om på Spitsbergen, og forelskelsen i både langturlivet og ein viss lokal herremann vart sterkare og sterkare. Sitat: Detta va godt dæ! Jælma kjæitt.

Anne Marthe Kvale

Eg er jokaren i gruppa! Eg skulle gå Spitsbergen på langs i 2014 i lag med med 3 venninner, men knakk ankelen ein snau månad før avreise, så eg fekk ikkje vere med på turen. Så då eg fekk moglegheita til å få draumen oppfylt i år, sa eg ja på flekken. Eg likar meg på langtur, og Kilimanjaro, Grønlandskryssing, Jostedalsbreen på langs og andre prosjekter er dei tidlegare erfaringene mine. Men ingenting slår draumen om eit Svalbardeventyr.

Sitat: Heelt konge! 
 

Loki Solvang

Eg er ein ekte ekspedisjonspensjonist! 9 år gamal med to tidlegare kryssinger av Spitsbergen er eg ein garva kar å ha med i gjengen. Eg varslar visstnok òg bjørn, noko som unekteleg er eit føremon for dei hine! Elles er eg ein triveleg og omgjengeleg herremann. Like glad i sofa som tur, og sel gjerne sjela mi for ein godbit. Tykkjer menn er litt skummelt, men jenter er topp, så vi skal nok verte eit bra team!

Mills Blæsterdalen

 

Turens traktor. Eg var med Marte på tur oppover nordvestlandet i sommar, og vart turens yndling på grunn av mitt rolege gemytt og evna til å dra jevnt og trutt - dag etter dag. Eg er som Loki mest glad i jenter, og difor sa eg raskt ja til å delta på denne turen. Eg er tøff og stødig så lenge ingen veivar med skistavar og gopro-kamera, da gøymer eg meg bak noko trygt. 

 

 

 

 

 

 

 

 

Seljefløyta

 

Og er er den namngjetne seljefløyta! Frå meg trillar vakre tonar i naturtoneskalaen - og kanskje dei trillar heilt inn i di eiga stove?

bottom of page