top of page

Utladalen i Vest-Jotunheimen er den vakraste dalen i verda, og øvst i denne dalen ligg Skogadalsbøen turisthytte, som ei perle omringa av kvasse fjell og brusande elver. Vi er kjempeglade for at Skogadalsbøen er med og sponsar turen! De kan vitje facebook-sida deira her https://www.facebook.com/SkogadalsboenTuristhytte/?fref=ts og nettsida her https://skogadalsboen.dnt.no/, og starte og planleggje påska og sumaren med det same!

- Asker mållag 

Noregs mållag likte bloggen vår og det vakre språket her så godt at dei er med og sponsar turen! Følg med på kampanjen deira NYNORSK VERKSEMD her: http://www.nm.no/tekst.cfm?path=10523

 

Mållagets lokallag i Asker er òg med som sponsorar av ekspedisjonen over Spitsbergen. Tusen takk for støtta!

Eidsbugarden hotell ligg nydeleg til ved vestenden av Bygdin, den største innsjøen i Jotunheimen. Dette er ein plass med mykje historie både i veggane og utomhus, med Aa. O. Vinje som ein sentral person. Vi er kjempeglade for at Eidsbugarden vil sponse oss på ferda over Spitsbergen! De kan vitje heimesida deira her http://www.eidsbugarden.net/

Liens optiske spanderer linser på den mest nærsynte av oss! Supermagiske månadslinser som ein kan ha på natt og dag, same som Børge Ousland har på tur! Høyrest ut som ein revolusjon, det vert spanande å teste.  http://www.liensoptiske.no/

  

Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis, som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge.Før vi reiser på tur kjem de til å kunne lese eit intervju med oss på sida deira, og etter turen vil de kunne lese siste Svalbard-nytt på sida: http://framtida.no/ Tusen takk for støtta!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Arctica i Longyearbyen gav oss gode prisar på teltstongsett nr. to. Det er viktig når det bles som verst! Tusen takk! 

Gode, gamle Svalbardbutikken fyller magane våre uti den arktiske villmarka. Takk for maten!

Haugland Naturtjenester, som driv med miljørådgjeving og skogsarbeid, tykkjer det er viktig å halde seg varm med vedfyring! Diverre er det lite skog vi kan brenne på Svalbard, så Haugland Naturtjenester støttar oss heller med brensel så vi kan halde oss varme. Tusen takk! 

Dahltronics i Skjåk veit alt om eletroniske duppedittar - og ikkje minst kva som funkar når temperaturen er låg! Tusen takk for testing av batteri for oss, og for sponsing av batteri, minnekort og go pro til turen!

Ein god pulk kan vi ikkje godt unnvere på langtur. Tusen takk til fjellpulken for gode prisar!

Som alle veit er opptaksutstyr standard utrusting på ein langtur... Korleis skal ein elles bevare Viddas sus? Eller trillane fråekspedisjone-seljefløyta? Kulturskulen i Asker let oss disponere ein opptakar til turen. Ved hjelp av han vert kan hende turen kringkasta inn i din eiga stove til sumaren!

bottom of page