top of page

Planlegg henting fredag

I dag 27.April har det vore ei vindfull overnatting for gjengen, ved Einsamnuten nord for Isbukta.

Godt gjort å ha komme såpass langt i den sterke vinden!

Det har vore snøstorm ved sydspissen, kanskje ein tanke rolegare litt lenger nord, særleg om jentene har funne ly bak eit fjell.

Det er meldt betre vær torsdag kveld, så det ligg an til at snøskuterar kan hente dei på fredagen ved nasjonalparkgrensa.

Fredagen kan bli ein kjempedag med spådommar om nærast vindstille og full (midnatts)sol!

Her er "Kryss og tvers" -ekspedisjonens bilete frå Isbukta i finvær, kanskje ser vi Einsamnuten ein stad i bakgrunnen?


bottom of page