top of page

Ikkje verfaste - gjekk langt i staden !!!

Makalaust imponerande gjeng!

Fekk kontakt med dei 4 no i kveld onsdag 27/4, dei hadde komme eit godt stykke nordover trass i snø og heftig vind frå nordaust.

Det er ikkje så mange folk å sjå i Sør-Spitsbergen nasjonalpark, difor var det ekstra gøy for jentene å treffe to kjekke gutar som var på veg sørover. Desse 2 gjekk også Svalbard på langs.

Det sto bra til med alle 4, sjølv om ein høyrde vinden rase i bakgrunnen.

No har jentene altså gått på ski med tunge pulkar sidan 1.April, ca 660km, utan å bli særleg bremsa av kuling og storm.

Det er berre å bøye seg i hatten, som det heiter...

Her er nokre kjempefine bilete frå førebuingane til turen:


bottom of page