top of page

Sydspissen nådd - på veg nordover att

Dei arktiske traskarane har nådd målet, sydspissen!!! Litt av ein prestasjon !!!

No har dei snudd skituppane nordover for å gå mot nasjonalparkgrensa og henting med snøskuterar.

Posisjonen var Sørkapp-breen ved siste satelittelefon-samtale.

Snøskutargjengen er framleis i tenkeboksen når det gjeld hentedag, sidan det kan bli sterk austavind på onsdag.

Ser i Svalbardnytt at siste kolbit så langt er teken ut frå Sveagruva, det betyr at jentene fekk besøke gruva like før dei stengte ho - inntil vidare. Infrastrukturen i Svea skal likevel bestå medan dei har driftskvile, seier Svalbardnytt.


bottom of page