top of page

Har dei klart det?

Fyrst på dagen i dag søndag 24.April rapporterte dei 4 at dei rekna med å nå Sørneset i løpet av dagen. Sikkert stor stemning da det store målet var nådd, frå nordspiss til sydspiss på berre 24 dagar!!!

Det har vore lenge sidan sist vi høyrte noko frå dei, og mange var nok spente på korleis det gjekk.

Var snakk om at dei kunne låne Sysselmannshytta på Skjemmeneset (?) mellom Sommerfeldtbukta og Sørneset.

No blir det spennade om dei får brukbart vær attende til nasjonalparkgrensa der dei kan hentast av snøscooterar.

Det er ein tur på vel 10 mil, og det er mogleg at det kan bli både kuling frå aust og snø utpå tysdagen.

Det har vore prat om henting allereie onsdag 27., men jentene må kanskje ta nokre grundige vurderingar før dei bestemmer hentedato for scootergjengen. Heldigvis har dei full midnattsol no - om det ikkje er overskya sjølvsagt...

Her er eit fint bilete frå "Kryss og Tvers" -ekspedisjonen sin ankomst til Sørneset.

Nedanfor kart frå Topo Svalbard, Norsk Polarinstitutt. Innteikna ruter på kart er berre omtrentlege.


bottom of page