top of page

Kvitt, kvitt, kvitt

Truleg ein kjedeleg dag for jentene torsdag 21.April. Det var kuling og snø, så dei låg verfaste nær Mariepasset både 21. og 22/4.

I dag 23/4 har det hittil ikkje vore kuling på sørspissen, og det har truleg slutta å snø.

Om tilhøva er brukbare har dei sikkert labba vidare.

Det var berre kvitt heile dagen 21/4, og dei gjekk i taulag støtt. I slikt vær blir ikkje dagsetappane så lange.

Værmeldinga på Svalbard er meire usikker enn på fastlandet, så ein skal ikkje ta meldingane på Yr.no for bokstaveleg.

Her - og - no - meldingane derimot er nøyaktige, og det er ein værstasjon på sydspissen.

Vindmålaren på Sørøya har tidlegare vist stiv kuling, og det kan vera enda sterkare vindtilhøve der terrenget verkar som vindtunnel.

Sidan dei er ved Mariepasset vil dei truleg prøve å gå i ly for vinden frå aust.

Med dette været treng dei minst 2 dagar før dei er på Sørneset, sydligaste punkt på Svalbard.

Legg ved nokre fykesnø-bilete fra biletarkivet deira, ser ut til at det er skredprofil dei øvar på.


bottom of page