top of page

Flotte fuglefjell, isbjørnspor, sterk brevind og ny feiring

Marte er 29 år i dag 20/4, og det vart ein satelitt-telefonprat no i kveld. Jentene har gått utrolig langt dei siste dagane (sjå kartet!) og har hatt mykje bra vær. Akkurat i kveld var det ekstra vakkert, og stemninga var toppers med gebursdagsfeiring og overraskingar.

Tidlegere på dagen hadde dei passert flotte fuglefjell ved Iskollbreen, og sett isbjørnspor da dei nærma seg Crollpasset.

Deretter vart det tunge motbakker med slitsam vind. Mills var ekstra kald og sliten og fekk liggje i forteltet. Da gebursdagssangen var sunge ferdig, ga hunden like godt jubilanten ein skikkelig nuss midt på munnen.

No i kveld 20.April har dei slått leir såpass langt sør som Geodet-toppane.

Slo opp isvarslet på nettet (http://wms.met.no/icechart) og såg at det er solid havis framleis i Isbukta, da kjem dei truleg til å ta den vegen den 21.April vidare mot sydspissen.

Viss dei fortset slik, er det ikkje meire enn 2-3 dagar før dei er på sydspissen, der dei truleg kan overnatte på Sysselmannen si hytte på Sørneset. Da blir det truleg godt å få turka soveposer og klede att, og værvarslet er noko dårlegare fredag med litt vind og snø.

Her er eit bilete frå Sølvknappane som dei passerte tidlegare: (Foto frå Kryss og Tvers - ekspedisjonen):

Marte 29 år:


bottom of page