top of page

Såg isbjørn fange sel i Rindersbukta !

Folk i Sveagruva meldte om observasjonar av ei isbjørnbinne med to ungar, pluss ein annan bjørn i nabolaget.

Og ganske riktig - etter å ha forlatt Sveagruva fekk jentene sjå fleire isbjørnar, og korleis ein av dei fanga ein sel i Rindersbukta.

Dette er temmeleg sjeldan at folk får sjå.

Det var derfor godt å ha forsterka vakthald mot isbjørn i leiren den kvelden.

Vidare ferd er no planlagt via Strongbreen og Nuddbreen, sjå kart nedst på denne sida.

Har også oppdatert føregåande sider med nokre nye bilete

På veg vidare sørover

Isbjørn - spisestugu i Rindersbukta...

Isbjørn-vaktassistenten får belønning for strevet

Leiren ved Paulabreen, Rindersbukta i bakgrunnen der dei såg fleire isbjørnar.

Frosne telt på Paulabreen. Fjellet bak er kanskje Kjølhø eller Skoen. Ein bre i nærleiken heiter forresten Vriompeisen!

Enda ei dunjakke gjekk i stykker for Marte, her kosar ho seg i jakke nr 3!


bottom of page