top of page

Festpulk for Torunn !


Torunn fylte år den 15.April medan dei framleis var i Sveagruva, her er eit bilete av bursdagsdronninga i finværet.

I dag har dei gått vidare frå Paulabreen, og dei er no omtrent halvveges på turen. Om alt går etter planen er det ca 15 dagar att før dei er attende i Longyearbyen. Dei fekk litt karhjelp til å vera bjørnevakt sist natt, men ellers planlegg dei å klare seg sjølve vidare også.

Teltet var også pynta, men diverre ikkje på nynorsk...

Dei to hundane klarer seg fint, Loke har jo gått turen to gonger tidlegare og er trygg på det meste. Mills er ferskare i tralten og blir lett skeptisk. Til dømes tok det lang tid før han fekk mot nok til å ligge på ein fjellduk, sjølv om han fraus.

Her er eit bilete av skeptikaren Mills:


bottom of page