top of page

Svalis-expressen i Svea!

Dei fire damplokomotiva tøffa inn på Sveagruva om kvelden den 13.April.

Alle damplokomtiv treng påfyll av kol, og dei fire vart invitert inn i kolgruva etter eit sikkerheitskurs.

Dei var langt og lenge der inne i det svarte djupet den 14.April, sjå bileta nedanfor! Slikt er det ikkje mange som får vera med på.

Krava til sikkerheit er strenge og gjeld alle på Svea, dette er ikkje nokon vanleg turistplass, sjølv om ein kan tinge og betale for opphald i "basecamplodge". Ein kan ikkje berre slenge innom, ein må vera invitert og ha avtale for å sleppe inn.

Maten er kjempegod i Svea, den blir laga av Skjåkveren Inger Heggebotn - svigersyster til mesterkokken Arne Brimi.

Ho var kokk i den eine turdeltakaren, Marte A.D., sin konfirmasjon og det var sikkert noko mimring når dei no treftes att...

Sikkert rart for dei 4 å sjå så mykje folk att - eit gruvesamfunn utan vegtilknyting - etter to veker i øydemarka!

Det var godt å dusje seg, turke klede og feire at dei har gått 25-30 mil på ski. No kunne mobiltelefonar nyttast att, og stemningsrapportar sendast til familie og vener.

Litt før dei kom fram overraska ein god ekspedisjonshjelpar, Kjetil, med å besøke dei på snøskuter nord for Svea. Han hadde kjøpt damebladet Camille, Hage-nytt, Cola og snop til jentene. Litt av ein omtanke!

No i dag skal dei vidare sørover med tyngre pulkar enn nokon sinne. Til dømes har dei 32kg hundemat og 20liter bensin i pulkane no når dei forlet Svea. Det var meininga at ein kar skulle vera med frå Svea men det blir det ikkje noko av, det blir rein jentekraft resten av turen også. Truleg kjem dei til Paulabreen i kveld 15.April.

Det har vore kaldt til tider - opptil 20 kuldegrader - men no nærmar det seg midnattssol og kanskje litt varmare vær...?

Bilete: Linda Bakken
Kartgrunnlag: Norsk Polarinstitutt

Mobilbilete: Anne Marthe Kvale


bottom of page