top of page

Overraskande besøk !

Truleg nådde gjengen depotet ved Rabotbre - morena om kvelden Søndag 10.April.

Like før dei kom så langt, fekk dei overraskande besøk ved Philipbreen / Neshornet. Ein skutergjeng med kjentfolk hadde med nytt solcellepanel og ny dunjakke som erstatning for ein med defekt glidelås.

Jentene hadde det godt og det vart endeleg teke nokre bilete til denne bloggen (Foto: Ine Hellestad Aannevik).

Om 3-4 dagar er dei truleg i Svea, om alt går etter planen.


bottom of page