top of page

Den store kvite fonna - dag etter dag

  • 4. apr. 2016
  • 1 min lesing

Seljefløyteskvadronen hadde i går kveld (3.April) slege leir oppå Åsgardfonna. Oppe på slike isbreer er det sikkert ikkje noko problem med bresprekkar, og det er oftast lettare å halde eit bra tempo. Trudde eg måtte korrigere meg sjølv på Mosseldalen men det syner seg at nokre frå Svalbard meiner den kan få sterk vind, andre ikkje.

Det er elles litt av ein jobb å frakte utstyr og deltakarar - det er jo heile 26mil frå Longyearbyen til nordspissen på Svalbard. Det blir ialt 52 mil tur-retur - lengre enn Oslo-Trondheim - berre på utkøyring til startpunktet i nord! Å køyre snøskuter i slikt tildels bratt og krevjande terreng tek fleire dagar og krev meire av kroppen enn ein trur.

Værmeldingane har jo sett bra ut så dei har det sikkert fint på den store, lange isbreen, med flotte fjell langt unna på alle kanter. Det er enno lenge til dei får midnattssol.

Her er nokre bilete frå Åsgardfonna frå www.kryssogtvers.no :

Fokksnø og solnedgang

Utsikt frå Åsgardfonna mot Wijdefjorden


 
 
 

Kommentarer


Subscribe for Updates

Gratulerer! Du abonnerer.

  • Black Facebook Icon
  • Black Twitter Icon
  • Black Pinterest Icon
  • Black Flickr Icon
  • Black Instagram Icon

© 2023 by The Mountain Man. Proudly created with Wix.com

bottom of page