top of page

Siste bykveld før det traskast

Da er så og si alt klappa og klart. Alle bensindunkar er fylt, alle sledane pakka, eit hundebur vart innkjøpt i siste liten, og alle små ting ein har utsett til siste liten er gjort. Våre snille, gode kjørekarar og -damer har hjelpt oss med sledepakk heile kvelden. Turid kasta seg i tovinga, da mine kartankar viste seg å vere litt tynnslitte. Snilt! Runda av kvelden med dusj og nysteikt pizza på puben - slike ting blir ekstra stas når du veit at det blir ei stund til neste gong. Værmeldinga frå vår kjære meteorologkonsulent i flytårnet er endeleg kjørbar og vi dreg 12 imorgon.

Mills og Loki har òg treft kvarandre og verka å gå greitt overens. Og vi har testa Mills i buret på scootersleden, riktignok berre ein 7,5 km tur - men han greidde seg fint. Vi var litt spente på det, sidan han kan vere noko skvetten av seg i det daglege. Dei siste nettene har han stått her ute hjå oss. Nattesøvn har det vorte så som så med. Som om det ikkje var nok med 17 hundar på den eine sida av huset og ein grovrøysta brumlebass på den andre, så har Chili - gamlemor og matriark i hundeflokken - pådrege seg løpetid og det er full baluba med heile mannskoret ulande - ca. ein gong i timen. Inatt pluggar vi øyro. Vi har 26 snørike mil på scooter imorgon og må vere nokonlunde.

Elles har pulken lagt på seg noko grassalt dei siste dagane, medan eg fånyttes har forsøkt det same. No er den like tung som meg, faktisk litt tyngre - 52 kilo. Godt at Mills er i form, eg skulle gjerne ha trena meir og jobba mindre dei siste to månadene og er litt spent på dei fyrste 1000 høgdemetrane opp til åsgårdfonna. Lagt på meg har eg heller ikkje klart, men kaloriar er det flust av i den fine nye fjellpulken. Nå får det berre stå til.

Tusen takk verdens beste Kjerstin for heimesydde selskinnsvottar til turen. No har eg akkurat laga ein vindsikker sele til dei :)

Dette scootermonsteret, samt 5 andre eksemplar, køyrer oss opp i morgon. Pappa, i samråd med nynorskkonsulent mamma, held bloggen oppdatert framover.


bottom of page