top of page

Vi øver på breredning!

Mesteparten av turen skal vi gå på bre. Mange av breane på Spitsbergen er stabile med få bresprekkar, men enkelte plassar må ein vere ekstra førebudd på at det kan vere lumske bresprekkar. Dette gjeld særleg for områda i sør. Difor har vi nytta tida vi har vore samla i Longyearbyen til å øve på breredning saman. Marte sin utkåra, Fredrik, hjelpte oss med bretreninga. Han er breguru med mange års erfaring med ferdsel på bre, og lærte oss alt vi trenger å vite om uhellet skulle vere ute.

Fyrst hadde vi innendørs trening på stovegolvet. Vi har bestemt oss for å ha faste plassar i tauglaget, og målet var å verte trygge på rolla vår i alle moglege situasjonar som kan oppstå dersom ein av oss dett igjennom ein bresprekk. Det å øve inne har mange fordelar. Kommunikasjonen er enkel utan forstyrrelse frå ver og vind, alle er gode og varme og fullt fokus kan rettast mot oppgåvene ein skal øve på.

​​

Dagens ord: microtraction!

Vi øver på redning av medvitslaus person i bresprekk. Torunn spelar rolla si som medvitslaus godt!

Då vi skulle øve på bretrening ute fann vi eit bratt elveleie som fekk rolla som bresprekk. Ruskever med vind og snø i lufta gjorde situasjonen realistisk. Heldigvis veit vi råd då Marte dett i bresprekken!

Fyrste del av snøankeret er på plass!

Med 1:6 system er det lett som ein plett å dra opp Marte frå bresprekken.

Jubelen står i taket når Marte kjem opp frå bresprekken med skia i henda!

Vi er godt nøgde med innsatsen!

bottom of page