top of page

Innspurt!

No er heile gjengen samla i Longyearbyen! Frå Torunn og Anne Marthe kom opp til vi reiser har vi om lag ei veke til å gjera dei siste førbuingane før den store turen. Det er mykje som skal ordnast av stort og smått. Vi har kopiert opp kart, reparert hundebur, satt opp telta og sikra ledda på teltstengene med limband. Stolpar til snublebluss fann vi i ein container, og kasser til depot var det ein anonym lokal helt som stjal til oss. Ellers har vi pusla med småting som sying av vottar, primustesting, fordeling av depot og isolasjon til kokekar. Svalbard har den siste tida synt seg frå si beste side med skyfri himmel og mange minusgradar. No gler vi oss til å verte ferdige med alt som skal ordnast og leggja ut på langtur på tysdag!

​​


bottom of page