top of page

MAT!

Tørking av mat er ein fulltidsjobb! No i den verste tørkestria ser dagen omlag slik ut:

- Stå opp

- Plukke ut maten i tørkaren frå nattskiftet

-Kutte opp nye grønsakar/frukt

- Gå på skulen

- Kome heim frå skulen, plukke ut maten som er vorten tørr

- Gjere noko anna (er lik trene)

-Kutte meir grønsakar/frukt til nattetørkinga

- Sove

Eg er så heldig å få låne ein mattørkar av ei jente på skulen. Den har rister i fem etasjer og ein kan stille inn på temperatur og tid, så ein slepp å halde seg heime for å passe på! Tørkinga mi er ikkje vitskapleg basert, eg tek omtrent alt på 70 gradar i 10 timar, og justerer berre litt opp eller ned etter kva type mat som er i, så fryser eg det ned etterpå. Alle grønsakar som ein vanlegvis kokar før ein et dei (som potet og blomkål), kokar eg før eg deler opp og tørkar. Ein må dele i tynnare skivar enn ein anar! Kva eg tørkar er førebels litt tilfeldig, men dette er kva er har tørka hittil:

- bananar (tonnevis. Vonar nokre av dei hine likar det, for det gjer ikkje eg)

- kiwi

- eple

- brokkoli (vellukka!)

- blomkål

- ananas (sjuukt godt!!)

- gulrot

- bjørnebær

- rips

- solbær

- bringebær (bær vert litt knudrete og harde)

- kirsebær (nam!)

- paprika

- påleggsskinke (funka fjell)

- potet (funka ikkje fjell. Vert steinharde)

- tomat

- lauk

- raudlauk

- purrelauk (lauk er utruleg medgjerleg i tørka. Ferdig delt opp i tynne lag som han er. Vert perfekt!)


bottom of page