top of page

"Bake bake søte, dyppe den i fløte"

På langtur er det viktig å få i seg nok energi. Og med hjelp fra Sigrid Henjum si nye bok "Et ute" vart det jammen kaker og brød av det feite slaget! Denne boka kan eg verkeleg anbefala :-)

Eg var så heldig å få hjelp av to venninner heime i Sogndal. Og vi bakte svenske havreboller, bjørnebrød og svalbardkake.

Eggedosis, smør og sjokolade - ei fin blanding!

Dadler og smør skal kokast til havrebollene, før dei skal blandast godt!

Mørk sirup, smør og brunt sukker - det seier seg sjøl at det blir mykje energi av det.

For tenk; i 150g bjørnebrød er det 622kcal - så ikkje et denne heime i sofaen, det kan fort bli for mykje av det gode!

Totalt fekk eg laga 8 kg med deilig fett og karbohydrater! Det ligg godt i posjonspakker i frysen til avreise :-)


bottom of page