top of page

Lufting av pulk, ved og tissetrakt

Endeleg var eg òg i gang med å dra på ting og tang. Det vart to vedsekkar som gjorde nytta som vekt. Eg har konstant litt dårleg samvit for treninga om dagen. Jobbar og jobbar dag etter dag, det kostar jo litt med ein slik tur og. Men får tid til litt trening mellom slaga. Og på tidlegare turar har det gått seg til med pulkforma fort. Men om eg ikkje kjem opp i Torunn-nivå på kondisen, må eg i alle fall få vent skjelett, sener og musklar til å trekke tungt. Og slik vi bur no, midt ute på tundraen, er det jo berre å ta på seg skia og gå.

Det var òg på tide å finne fram ein kjær kompanjong frå i fjor vinter - tissetrakta. Ein genial oppfinnelse, særleg populær blant oss med tilbakevendande urinvegsinfeksjonar. Med denne blir det inga sak å tisse i 30 minus og vind, tilhelst i taulaget blir alt plutseleg meir saumeleg. Berre å putte den innunder, passe på å halde trykket på stråla nede og la det stå til! Og unekteleg stas å kunne tegne figurar i snøen akkurat som dei med utovertiss!

Etterpå vart det peiskos med tanteungen vår Myrull og flikking på signalpistolveska. Driv og syr borrelås på ho så det ikkje skal komme inn snø så lett. Har sydd på eit lite hjarte òg, litt romantikk må det vere ute i felt!


bottom of page