top of page

Flyfoto hos Sysselmannen


Å sjå landskapet i fugleperspektiv er til god hjelp når ein skal velge rute, men sidan vi verken har eget helikopter eller er født med vinger nytta vi det nest beste alternativet. Den 25.november vitja me Margrete Keyser hjå Sysselmannen for å sjå på flyfoto.

Dagen starta med at alle karta vi treng på turen vart bretta utover kjøkkengulvet til Turid. Då me etter kvart hadde eit vegg til vegg-teppe av kart skjønte vi at kjøkkenet nok var dimensjonert med tanke på Svalbard på langs planlegging. Første utkast til rute vart diskutert og memorert sånn at vi visste kva for område det var viktigast å kike nærmare på. I sør er det mykje bresprekkar, særleg etter at Nathorstbreen surga for nokre år sidan. Vi var spesielt interessert i å sjå korleis dette hadde påvirka området, og kva for brear det er mest fornuftig å gå på. Flyfotoa til Sysselmannen er ikkje offentelge, men det er mogleg å komme innom og ta ein kikk. Sysselmannen flaug over området i haust, så bileta er ganske ferske. Det vart ein nyttig og lærerik dag som kjem godt med i vidare planlegging. Tusen takk til Margrete for god hjelp!

bottom of page