top of page
Planleggingshelg i Trondheim
Eit par veker før jul var det duka for den store planleggingshelga i Trondheim. Sidan vi bur på forskjellige stadar i landet var det mykje vi måtte rekke i løpet av helga. Vi byrja dagen laurdag med å setje opp ei liste over kva vi måtte få gjort. På programmet stod mellom anna spikring av ruta, utstyrsliste, risikoanalyse og kartlegging av styrker og svakheter hos alle d
eltakarane. Mesteparten av laurdagen gjekk med til å gå igjennom ruta i detalj. Satelittbileta til Norsk Polarinstitutt sine kartsider på nett var til stor hjelp under arbeidet. På slutten av dagen hadde alle kartblada som til saman utgjer Spitsbergen fått ein samanhengande blyantstrek frå Verlegenhuken i nord til Sørneset i sør.
Sundag morgon vart julestemninga lokka fram av vakre toner frå Cantus sin årlege Luciakonsert i Vår Frues kirke. Etter konserten fortsatte planlegginga der vi slapp dagen før. Vi lagde utstyrsliste og fordelte kven som tek med kva. Risikoanalyse og tiltak for å minimere risiko vart dikustert og notert. Vi vart også einige om kva me skal gjere i ulike situasjoner som kan oppstå, til dømes handtering av isbjørnsituasjonar, kva me gjer om nokon dett i gjennom isen og camprutiner.
Det vart ein lang dag med planlegging, men til slutt hadde vi kome oss i gjennom dei fleste punkta på lista. Då skravla til slutt stilna og lyset vart slokt viste klokka halv to på natta. Vi var slitne etter intensive timar med planlegging, men forventningane til turen og kriblinga i magen er større enn nokon gong.
Takk til våre venner i "Livsstilskollektivet˝ for lån av husrom og hjarterom i planleggingshelga! Det var kjekt å kunne brette ut karta på eit stort golv, og betydninga av tilgang til kjøkken og nytrakta kaffe skal ikkje undervurdrast for svoltne og kaffetørste planleggarar.
bottom of page