top of page

Første treningshelg på Hardangervidda

Den tredelen av oss som bur på fastlandet ligg i hardtrening. Eg har nemleg meldt meg på Amundsenekspedisjonen (òg kalla EXPEDITION AMUNDSEN, for det høyrest så tøft ut), eit skiløp over Hardangervidda i februar med pulk og styr. Det er 100 km om ein ikkje rotar seg bort i snøen mellom Haukeliseter og Maurset i Eidfjord, ein må ha minst 40 kg i pulken og kvile minst åtte timar undervegs, og elles er det berre å gå på og ikkje la seg psyke ut av dei halvgamle mannekjempene som skal prove at dei er menn men som kanskje berre har det i kjeften og ikkje nokon annan stad. Åkke som: Eg er i Team Tyting på lag med Mari Gjerde Christiansen, ei lokal, bjørnesterk jente oppvakse på gard på Haukeli, og vi hadde vår første felles treningstur i helga!

Optimalt skulle eg ha testa meir av utstyret eg kjem til å nytte på Svalbard, men vi ventar framleis på svar på ein del sponsorbrev, og vil ikkje kjøpe meir enn vi må. Likevel var det veldig nyttig å drille teltrutinar, orienteringskunnskapane og naziregime med 60 min gange + 10 min pause, og ikkje minst å kjenne på pulkeformen, både med tanke på Amundsenekspedisjonen og Svalbard på langs. Det vart dessutan bra mental styrketrening, for vi gjekk i fleire timar etter det vart svart på fredagen, og starta lenge før sola både laurdag og sundag. Det var eigentleg ganske gøy – og lønna var jo nydelege soloppgangar.

Turen gjekk frå garden til Mari i Tjønndalen litt innafor Arabygdi og over fjellet til huset mitt på Rauland. Artig å gå frå dør til dør! Det er 50 km og vi rekna to overnattingar; vi kunne klart oss med berre éin, men no skulle vi jo teste teltrutinar, så vi tok ei natt til. Og var 53 min raskare ut av teltet andre dagen! Om denne trenden held fram kjem vi jo til å vinne Amundsen før vi har starta. Det vart ein flott tur i Hardangerviddas mindre kjende avkrokar, og no gler vi oss til neste treningshelg på Vidda!


bottom of page