top of page

Romjulsverkstad: toving av kartankar

Kalde tær og frostskadar kan fort sette ein dempar på ein ellers bra dag, og er vel eit av dei vanlegste problema på lange vinterturar. Problemet kan nok ikkje unngås heilt, men det går an å førebu seg så godt ein kan. I romjula starta kampen mot kalde tær i form av toving av ullkartankar. Kartankane er såpass tjukke at dei fungerer omtrent som ein innersko. Ein tommelfingerregel er at med kartankar må skoen vere omlag tre eller fire nummer større enn det ein vanligvis bruker.

Eg brukte ull frå utegangarsau og vart fornøgd med det, men i nokre oppskrifter er det anbefalt vanleg dalasau eller ei anna korthåra rase. Det beste er å bruke uvaska ull. Det er også mogleg å kjøpe ferdig tova ull. Det reduserer arbeidstida med fleire timar, og gjer det lettare å få eit jamnt og fint resultat. I tillegg til ull treng ein karder, grønnsåpe, bobleplast, handkle og ein mal til å tove kartanken rundt.

Takk til Kjersti Hanna Øvstedal som sendte meg oppskrifta!

Oppskrift

1) Lag ein mal du kan tove kartankane rundt. Malen skal vere 20-30 % større enn skostrørrelsen din. Eg brukte eit gamalt sitteunderlag til å lage malen av, men til dømes golvbelegg eller

papp med plastfolie rundt kan også nyttast.

2) Kard ulla sånn at det vert jamne og fine lag.

3) Den ferdigkarda ulla legges rundt malen. Bruk tre tjukke lag som alle legges motsatt av det forrige (90 gradar mot kvarandre).

4) Bland ein dl grønnsåpe med ein liter vatn, og spray på ulla. Bruk så varmt vatn som du greier

å arbeide med.

5) Når ullflaka heng saman rullast kartanken inn i bobleplast med eit handkle som knyttast stramt utanpå slik at det blir ei slags kjevle. Rull "kjevla" fram og attende ca 50-70 gonger. Snu deretter kartanken motsatt veg og gjer det samme på nytt. Dette gjentas til saman fire gonger.

6) Arbeid vidare med kartankane til du er fornøgd med resultatet. Huks at det kan vere fort gjort å tove for mykje, medan ein for stor kartank som regel kan arbeidas med til den passar på foten. Om ein til

dømes skal ha både ullsokk og dampsperresokk inni kartanken er det viktig at den er stor nok til det.

7) Klypp opp toppen av kartanken og vreng den sånn at innsida vert rettsida. Det er lettast å ta finjusteringar medan kartanken er på foten.

bottom of page